Last ned/utskrift: Valprogrammet til Åpen Folkekirke 2020-2023
Bokmål: Valgprogrammet på bokmål
Nordsamisk: 2020-2023’ Válgaprográmma
Vedteke på årsmøtet 9. februar 2019
Open folkekyrkje vil at Den norske kyrkja skal utviklast vidare som ei open og demokratisk folkekyrkje.
Open folkekyrkje vil arbeide for ei kyrkje som er open for alle, som fremjar menneskeverdet og som arbeider mot diskriminering.
Kyrkja som folkekyrkje
Den norske kyrkja skal forkynne evangeliet og verne om verdet til menneska.
Ho dekker heile landet og er delt inn i geografiske sokn. Alle sokn skal høyre til i eit prosti og eit bispedøme. Kvart sokn blir styrt av eit demokratisk organ, har kyrkje og blir betent av prest og andre tilsette i kyrkja. Kyrkja skal være forankra lokalt, og være til stades der folk bur. Dåpen er det einaste vilkåret for medlemskap.
Som folkekyrkje er kyrkja der for alle gjennom livet; fødsel og dåp, død og gravferd, oppvekst, trusopplæring og konfirmasjon, giftemål og familie, helg og høgtid, kriser og ulukker. Den norske kyrkja møter allmenne livserfaringar i samfunnet og gjev rom for det heilage, tru og tvil, håp og undring, stille og engasjement. Kyrkja er ein mangfaldig fellesskap av ulike aldersgrupper, kulturar, kjønn og meiningar både i Noreg og internasjonalt.
Som folkekyrkje har Den norske kyrkja eit særleg samfunnsansvar, og medverkar aktivt i både den lokale og den nasjonale offentlegheita.
I den komande perioden skal Open folkekyrkje særleg arbeide for:
- å utvikle demokratiet til kyrkja lokalt, regionalt og sentralt gjennom kompetanseheving og tilrettelegging av demokratiske prosessar, openheit og utvikling av ein demokratisk kultur.
- å utvikle ungdomsdemokratiet både sentralt i Den norske kyrkja og i bispedøma.
- at valordninga blir gjort enklare, slik at alternativa blir synlege og tydelege.
- at valordninga gir makt til breidda av medlemene i kyrkja.
- å sikre at bispedømerådet/Kyrkjemøtet blir vald ved direkte val.
- at kyrkjeval framleis blir halde samtidig med og i direkte nærleik til kommune- og fylkestingsval.
- at kyrkja ikkje stiller andre krav til medlemskap enn dåpen. Medlemsavgift skal ikkje innførast.
- at det blir stimulert til tett samarbeid mellom lokalkyrkja og kommunen, mellom dei lokale sokna, og mellom dei ulike nivåa i kyrkja.
- at hovudfinansieringa av Den norske kyrkja skjer gjennom stat og kommune.
Kyrkja midt i livet
Den norske kyrkja finst for menneske i alle aldrar og i ulike livssituasjonar. I kyrkjehuset, gjennom gudstenester og kyrkjelege handlingar kjem menneske saman for å feire, sørge, takke og be. Seremoniane til kyrkja ved dei ulike livsfasane skal gi plass for å høyre til og for å tolke livet. Dei skal røre ved menneske, gi fordjuping og livsmot, og ha preg av deltaking, fellesskap og openheit. Gudstenestene og nattverdbordet i kyrkja er opne for alle.
Kyrkja skal arbeide aktivt for å senke terskelen, slik at ikkje sosial bakgrunn, etnisk tilhøyring, seksuell orientering eller anna får hindre menneske si oppleving av å være fullt verdsette og likestilte medlemmer i fellesskapen i kyrkja.
Kyrkja skal framleis ha eit synleg og tenande nærvær i, og samarbeid med, ulike lokale og offentlege institusjonar som barnehagar, skolar, universitet og høgskolar, sjukeheimar og sjukehus, forsvaret og fengsel.
I den komande perioden skal Open folkekyrkje særleg arbeide for:
- å sikre at kyrkja sine samlingar og aktivitetar er opne og inkluderande.
- å sørge for at dåpen som livsbekreftande rite er synleg og tilgjengeleg for menneske i alle aldrar.
- å sikre at deltaking i alle tiltak i trusopplæringa skal være gratis.
- at prestar i Den norske kyrkja framleis skal ha vigselsrett. Alle par som ønskjer det skal kunne gifte seg gratis i si lokale kyrkje og bli møtt med respekt.
- å sikre at vedtaket om vigsel for likekjønna par ikkje blir reversert eller blir vanskelegare å etterleve nokon stad.
- å sørge for at kyrkjeleg gravferd er tilgjengeleg, respektfull og godt tilpassa til behova til dei pårørande.
- å medverke til å få laga ferdig ei ny gudstenestebok og ei revidert tekstbok.
- å medverke til at språk som inkluderer ulike kjønn blir brukt i større grad i gudstenesta.
- å styrke arbeidet med bruk av samiske språk, kvensk og teiknspråk i kyrkjeleg samanheng.
- å styrke den digitale satsinga til kyrkja, styrke nærværet på nett og i sosiale medium, og utvikle tenesta med nettprestar vidare.
- å halde kostnadane knytt til å ta del i kyrkja sitt liv nede, og arbeide for god økonomiforvalting og brukarvenlege tenester.
- å sikre at trusopplæringa òg tek opp viktige etiske og sosiale spørsmål, som for eksempel klima, sosial rettferd, kjønn og seksualitet.
- at fleire kyrkjelydar i Den norske kyrkja markerer den samiske nasjonaldagen og brukar samiske liturgiske ledd og salmar i den ordinære gudstenesta.
- at det blir etablert fleire internasjonale møtestadar, og at det blir halde fleire gudstenester på engelsk.
Kyrkja som møteplass
Den norske kyrkja er ein møteplass for inspirasjon, erfaringsdeling og mangfald. Her skal alle menneske kunne kjenne seg velkomne, bli sett og stadfesta. Kyrkja skal være ei tenande kyrkje, som er prega av miskunn. Kyrkja er diakonal, og skal i lag med offentlege organisasjonar, næringsliv og frivillige arbeide for å bryte einsemd og utanforskap. Dei av oss som lever med ulike former for funksjonsnedsetting skal heilt og fullt kunne ta del i kyrkja sitt liv og verksemd. Den norske kyrkja skal medverke til å bygge lokalsamfunn der det er godt å bu og godt å vekse opp. Kyrkja stør opp om visjonen om det livssynsopne samfunnet, der utøvinga av tru og livssyn blir sett på som eit viktig felles gode som det blir lagt aktivt til rette for i samfunnet. Kyrkja skal legge til rette for møteplassar òg på tvers av konfesjonar, religionar og livssyn, og medverke til å styrke religionsdialogen på lokalt og nasjonalt nivå.
I den komande perioden skal Open folkekyrkje særleg arbeide for:
- at det blir lagt til rette for ein brei frivillig innsats i heile verksemda til kyrkja.
- å styrke diakonien til kyrkja, og stimulere til samarbeid med frivillig og offentleg sektor.
- at kyrkjene har tilstrekkelege ressursar slik at kyrkja kan være der folk er, på ulike arenaar.
- å arbeide for ei forståing av kyrkjene som vigsla rom som ikkje legg unødige avgrensingar på ein gjestfri og fleksibel bruk av lokala.
- at korverksemda i Den norske kyrkja blir støtta og utvikla.
- å stimulere samarbeidet med barne- og ungdomsorganisasjonar.
- å styrke kyrkja sitt arbeid med dialog mellom ulike trus- og livssynsamfunn.
- å styrke inkluderinga av flyktningar i lokalsamfunnet.
Kyrkja som kulturberar
Kyrkjene er vår felles kulturarv, og kyrkja som kulturarena er ein berebjelke for folkekyrkja sin plass i lokalsamfunnet og i folk sine liv. Kyrkjer i alle delar av landet er rom for tilhøyring, tru og livsritar. Dei bør haldast opne og levande så langt det er mogleg, og det skjer best ved at dei blir brukte. Kyrkjebygga ber i seg kulturverdiar som viser korleis kyrkje og samfunn har utvikla seg i tusen år. Også vår tid skal få sette sitt avtrykk i kyrkjerommet, ut frå behova og tankesetta i samtida.
Eit mangfald av estetiske uttrykk høyrer heime i kyrkja sine rom. Kyrkjemusikk og andre kunstnarlege uttrykksformer er integrerte i og utvider kyrkja sin forkynning, truspraksis og tilbeding. Kunsten skapar rom for liv og tru.
I den komande perioden skal Open folkekyrkje særleg arbeide for:
- å stimulere til at kyrkjene blir haldne opne òg når det ikkje er gudstenester eller kyrkjelege handlingar.
- eit nytt regelverk som opnar for meir fleksibel bruk av kyrkjene.
- tilstrekkeleg økonomi for vedlikehald av kyrkjebygga.
- at Kyrkjemøtet sitt vedtak i saka KM 11/18 Rapport og veivalg for Den norske kirkes kunst- og kultursatsing blir følgd opp og arbeidd vidare med.
- å opprette stipendordning for skapande kunstnarleg arbeid i Den norske kyrkja.
- at løyvingar til kor og kyrkjemusikk skal inn i det kyrkjelege regelverket.
- at kyrkja skal spegle mangfaldet i samfunnet slik at alle skal få høve til å kjenne att sine eigne kulturelle referansar.
- at samisk kultur og tradisjon blir betre forstått og blir integrert på nye måtar i kyrkja sitt liv.
Kyrkja sin stemme i samfunnet
Jesus utfordrar oss til ein radikal nestekjærleik. Den norske kyrkja finst for menneske som er utsette, einsame og på flukt. Kyrkja skal ta tydeleg avstand frå fiendskap med framande og frå udemokratiske krefter. Den norske kyrkja skal nasjonalt og lokalt medverke til eit trygt, ope og inkluderande samfunn, og være ei rørsle for auka integrasjon, forståing og toleranse. Å stå opp for menneskeverdet og ta ansvar for skaparverket er grunnleggande for kyrkja.
Kyrkja står opp for alle sin rett til respekt for deira etniske, kjønnsmessige og religiøse identitet. Kyrkja er aktivt engasjert i dialog med andre trus- og livssynssamfunn, og skal fremje trusfridom. Den norske kyrkja sitt internasjonale arbeid skal bidra til fred og nedrusting, forsoning, rettferd og berekraftig utvikling. I møte med den overhengande klimakrisen gir kyrkja røyst til ei forståing av samanheng og solidaritet mellom alt det Gud har skapt. Mennesket er ein skapnad i lag med og avhengig av alt det gode Gud har skapt. Å forvalte skaparverket tyder å innsjå denne livssamanhengen og verne om han i audmjukskap. Det må inspirere til eit stadig arbeid for å overvinne ein miljøskadeleg og urettvis forbrukskultur som vi sjølv er ein del av.
I den komande perioden skal Open folkekyrkje særleg arbeide for at:
- kyrkja skal være en aktiv stemme i samfunnsdebatten
- kyrkja gjennom diakonal handling skal vise evangeliet som ei levende kraft for rettferd, anerkjenning og gode fellesskap.
- kyrkja skal stå aktivt opp mot alle former for vald og ekstremisme.
- kyrkja skal være ein aktiv aktør i den digitale offentlegheita.
- kyrkja skal hente aktuelle impulsar frå den verdsvide kyrkja og fellesskapen med menneske og grupper som høyrer til i andre trusretningar, religionar og livssyn.
- kyrkja skal ha ei trusopplæring som inspirerer til engasjement for skaparverket, mot sosial urettferd og for solidaritet med fattige og forfølgde.
- kyrkja skal ha trygge rom, der menneske som har opplevd trakassering og overgrep kan få styrke og nytt livsmot.
- kyrkja sin rolle i fornorskingspolitikken blir belyst for den nye sannings- og forsoningskommisjonen.
Kyrkja som arbeidsplass
Den norske kyrkja er ein stor arbeidsplass, med tilsette i det nasjonale rettssubjektet Den norske kyrkja og i fellesråd på kommunenivå. Arbeidsmiljø, likestilling og rekruttering til ulike stillingar er viktig for kyrkja som arbeidsgjevar. Ein god balanse mellom kyrkjelege handlingar og arbeid for å bygge kyrkjelyden er svært viktig for å halde oppe levande kyrkjelydar og å rekruttere til kyrkjeleg teneste. Den norske kyrkja skal vedta ei ny kyrkjeordning som må ha som mål å bevare kyrkja som er brei, open folkekyrkje.
I den komande perioden skal Open folkekyrkje særleg arbeide for at:
- Den norske kyrkja skal være ein attraktiv arbeidsplass og eit forbilde når det gjeld arbeidsmiljø.
- kyrkja skal ha ein effektiv ressursbruk som sikrar lokalkyrkja.
- alle tilsette skal ha same arbeidsgjevar.
- det blir fatta vedtak om ei ny, endeleg kyrkjeordning som tek hand om alle kyrkjeleg tilsette.
- tilsetting av prestar og andre kyrkjelege tilsette skal skje på ein slik måte og i dei organa som best kan sikre respekt for stillingane sitt særpreg, og best mogleg samspel og samarbeid mellom alle tilsette i kyrkja.
- kyrkja skal ha ein heilskapleg tilsettingspolitikk der søkarar ikkje blir diskvalifiserte på bakgrunn av kjønn, samlivsform, seksuell orientering, funksjonsnivå, alder eller etnisitet.
- det blir arbeidd meir med rekruttering av godt kvalifiserte kyrkjeleg tilsette, og at den viktige samfunnsrolla ein har som tilsett i Den norske kyrkja blir gjort tydeleg.
- det blir stimulert til rekrutterande stabar og styrka samarbeid med utdanningsinstitusjonane.
- kvalifikasjonskrava til dei vigsla tenestene blir haldne oppe.
- det blir innført etiske retningsliner for innkjøp i Den norske kyrkja.
- det skjer ei forenkling av kyrkjelege regelverk.
(Foto: Pixabay)