«Trygge rom» i kyrkja

OLAV MYKLEBUST medlem i Kyrkjemøtet og listekandidat for Open Folkekyrkje Møre skrev i Dagen 14. august ein fin artikkel om kva vi meine når vi sei «Trygge rom» i kyrkja. Heile artikkelen kan ein lese her. Denne artikkelen er en del av en lengre debatt om trygge rom, og som du kan finne flere steder – både i Vårt land arkivet og i Dagen.no.

Rikke Grevstad Kopperstad har i eit innlegg i Dagen teke til orde for å drøfte innhaldet i omgrepet «trygge rom». Hadde ho teke bryet med å gå tilbake til Visjonsdokumentet vi vedtok i 2018, ville ho sett at dette der er klart definert:

Kyrkja skaper trygge rom:


• Alle menneske har ukrenkjeleg verdi.


• Kyrkja deltek i arbeid mot undertrykking og alle former for vald og overgrep.


• Kyrkja fremjar språk for, og samtale om, grenser, makt og seksualitet.


• Kyrkja deltek i #meetoo-bevegelsen, #torsdagerisvart og tilsvarande.

Når Rikke (vi har vore kollegaer i bispedømerådet såpass lenge, at eg tillét meg å bruke førenamn) nok ein gong hevdar at ho blir «krenka» for å komme fram med meiningane sine – og at meiningsytringar også burde vore inkludert i «trygge rom», så er det grunn til å peike på nokre forhold.

Ingen har nekta Rikke å ha slike haldningar; Voltaire har jo sagt det ganske greitt: «Eg er usamd i meiningane dine, men vil til døden forsvare retten din til å hevde dei!» Men når meiningane bryt med det første punktet i det vi vedtok på Kyrkjemøtet i 2018, er det grunn til å påpeike dette.

Mange med lhbt-bakgrunn har slite lenge med sjølvrespekt og det å halde på barnetrua i møtet med at ein har ei anna legning eller kjønnsuttrykk enn det fleirtalet har. Når enkelte hevdar å ha monopol på «sanninga», og brukar dette som eit maktmiddel – er dette ikkje greitt!

Det å få fortalt at ein ikkje finst («da jeg [Rikke] på et annet kirkemøte sa at det bare finnes to kjønn») er ikkje greitt – og slik eg ser det er det heller ikkje bibelsk grunnlag for ein slik kategorisk påstand. Ein blir ikkje krenka fordi ein blir imøtegått på påstandane sine, men når meiningane går på menneskeverdet laust for dei det gjeld – så må dette påtalast.

Eg er ei enkel sjel, og for meg er dette enkelt: Eg trur på ein Gud som har skapt oss akkurat slik han vil vi skal vere. Han kjenner oss fullt ut, både våre sterke og svake sider, og han har gjeve oss seksualiteten som ei god Guds gåve. Eg nektar å vere med på ein argumentasjon om at han skulle ha skapt oss med «ein torn i kjødet», at han skal ha skapt oss med ei legning eller eit kjønnsuttrykk som ein prøvelse for oss – noko vi skulle fornekte og ta avstand ifrå?

Tvert imot trur eg at han ønskjer det beste for oss, og det er grunnen til at eg var med på vedtaket om likekjønna vigsel i kyrkja; slik at også kristne med lhbt-bakgrunn skulle få høve til å love evig truskap overfor Gud og den ein ønskjer å dele livet med.

Kvar av oss skal vi svare for våre haldningar og handlingar ein gong, men det å bli kritisert og stilt til ansvar for korleis ein er skapt – overfor (for så vidt) velmeinande kristne brør og søstrer – er ikkje greitt, eg stolar på at Guds nåde er større enn den nåden desse kan vise fram.

Rikke snakkar om «biologiske fakta» – og framhevar faren med å presentere «skadelege teoriar» for barn og unge. Det å drive haldningsskapande arbeid i skule og barnehage er ikkje å spreie skadelege teoriar – det handlar om folkeopplysning – og når ein tek omsyn til alder og utviklingsnivå, så trur eg at dei aller fleste greier å sjå kva dette dreier seg om – sjølv om enkelte visst meiner at seksualitet framleis er noko ein ikkje bør snakke om i skulen.

Så lenge «homo» er det mest brukte skjellsordet i norsk skule, så er det faktisk behov for å snakke ope om at ikkje alle passar inn i hetero-norma, og at enkelte også har eit kjønnsuttrykk som kan verke framandt. Det er ikkje slik at denne undervisinga strir mot «biologiske fakta», den er heller eit uttrykk for at naturen (og Skaparverket) er meir mangfaldig enn det folk trur.

«Kva er sanning?» sa Pilatus. Når enkelte hevdar å ha monopol på dette – utan å sjå at Bibelen må lesast med kjærleiken sine briller (1 Kor 13,1–3), så er dette problematisk. Ein kan lett falle for freistinga til å leite etter «flisa i auget til bror sin», utan å sjå kva dette gjer med den ein vil prøve å «rettleie».

Det er ikkje – og må heller aldri bli – ein kristen dyd; å først trykkje sine medmenneske ned i søla, for så å tilby seg å reise dei opp att!

___

Dette er artikkelen og uttalelsen fra Rikke Kopperstad og Frimodig Kirke.