Stem for mangfald – stem for kjærleik

Skrevet av Therese Utgård Aas, leiar Åpen folkekirke Møre. Først publisert av Tidens krav.

For meg har kyrkja vorte ein plass der eg kunne kome slik eg er. Men for nokre av oss, for dei av oss med LHBT+ bakgrunn og for andre skeive, har det ikkje alltid vore slik. Mange har måtte legge igjen ein del av livet sitt på kyrkjetrappa. Den delen av ein som kanskje er nærast, den delen som har med familieliv, med kjærleik å gjere, den må enkelte la vere igjen utanfor. Slik vil vi ikkje ha det lenger!

I 2014 sa Den norske kyrkje nei til at alle kunne gifte seg i kyrkja – berre heterofile skulle kunne gifte seg i kyrkja. Utav dette nei’et blei Åpen folkekirke fødd. No er det lokallag i alle bispedøme i landet.

Åpen folkekirke er eit kyrkjepolitisk parti med innvalgte medlemmer i kvart bispedøme. Vi har fått gjennomført viktige endringar i kyrkja:

I 2016 fekk vi vedteke JA til likekjønna vigsel. No kan alle par, uavhengig av kjønn og seksuell orientering, gifte seg i si lokale kyrkje.

I 2022 fekk Åpen folkekirke Møre endeleg vedteke at ein ikkje skal spørre om ein prest er skeiv, ved tilsetjingar. No er det berre kvalifikasjonar som avgjer kven som får prestejobben.

Vi i Åpen folkekirke er stolte av dette! For å fortsette å endre kyrkja i ei inkluderande retning, er vi avhengige av stemmer i Kyrkjevalet. Dei andre listene vil ta kyrkja i ei meir konservativ retning, så her tel kvar stemme!

For alle

Kyrkjevalet er søndag 10. september og mandag 11. september, i tilknytning til dei offentlege vala. Alle døypte som er 15 år i valåret, har stemmerett. I år kan du også førehandsrøyste digitalt! Då går du på kirkevalg.no og loggar deg inn ved BankID.

Til soknerådsval (kyrkjas “kommunestyreval”) stiller berre èi liste, der er det personval. Til val av bispedømmeråd (kyrkjas “fylkesting”) stiller 4 lister: Frimodig kirke, Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste, og Åpen folkekirke. Dei to første er konservative lister som er mot likekjønna vigsel. Nominasjonskomiteens liste har ikkje felles program, så her er ingen garanti for meiningane til den som blir valgt inn.

Berre Åpen folkekirke garanterer for ei åpen og inkluderande folkekirke! Vi meiner at kyrkja skal vere for alle! Vi vil ikkje dele folk inn i A- og B-lag. Vi er alle er like foran Gud. Jesus var alltid på dei utstøtte sitt lag og ga folk verdigheita tilbake. Derfor må kyrkja følge Jesus sitt eksempel og alltid vere på laget til den som blir halden utanfor. Vi må jobbe for eit fellesskap der alle kjenner seg velkomne.

I kyrkja skal du kunne komme med heile deg. Gud har plass til det, og då må kyrkja også romme det!Altfor lenge måtte enkelte legge omvegar om kyrkja, fordi kyrkja ikkje romma alt det den einskilde var. Altfor mange har måtte velge mellom trua og kjærleik. Ein kan berre førestille seg kva dette har kosta, kva sår det har påført menneske opp gjennom. Slik kan vi ikkje ha det, og slik skal vi ikkje ha det lenger.

Vil du at kyrkja skal vere åpen for alle – vil du at barn og unge skal få kome med heile seg, og bli møtt med respekt og aksept for akkurat den DEI er? Då oppmodar eg deg til å stemme Åpen folkekirke i Kyrkjevalet. Om vi får stemma di, lovar vi å gjere alt vi kan for å halde kyrkja levande og åpen – for alle som ønsker å høyre kyrkja til!

Godt val!

Å være skeiv er ikke et avvik

Skrevet av Dag Vike, en av våre flotte kandidater i Agder og Telemark Bispedømme. Først publisert av Fædrelandsvennen.

Å være skeiv er en del av naturens mangfold. Vi er ulike mennesker. Vi lever ulike liv. Vi er skapt som den vi er, med muligheter og utfordringer. At vi er forskjellige, tenker jeg er spennende. Det gir inspirasjon og utfordrer nye måter å reflektere på eget liv.

På området «kjønnsidentitet» har det skjedd en stor faglig endring de siste tiårene. Forskning på kjønn tar høyde for kjønnsbiologiens mange nyanser. Lege og postdoktor Ketil Slagstad sier det slik: «Variasjonene i kjønnsidentitet er ikke uttrykk for sykdom. Men må forstås som del av et naturlig spekter av kjønnslig utvikling».

Etikk og moral handler ikke om seksuell legning. Det handler om hvordan vi tar vare på oss selv og hverandre. At vi engasjerer oss til beste for nesten og for samfunnet.

Kirka må si velkommen til alle som kommer, ikke nekte mennesker å være seg selv, leve som seg selv.

Det er kirkevalg 11. september, samme dag som kommunevalget. Åpen folkekirke arbeider for at alle skal ha samme muligheter og rettigheter til å utfolde seg i det fellesskapet folkekirken utgjør.

Det må være rom for uenighet i kirka. Det som samler er budskapet om tilgivelse og nestekjærlighet. Slik Mesteren viste oss. Kirka må si velkommen til alle som kommer. Vi kan ikke diskriminere mennesker ved å nekte dem å være seg selv!

Når en kropps fysiske utforming ikke stemmer overens med personens egen kjønnsidentitet, så ble det tidligere betraktet som et «avvik». Det samme gjaldt om en var lesbisk, homofil eller bifil. Og mange synsere i religiøse kretser mener det fortsatt.

Kjønnsmangfoldet er ingen trussel mot kirke og samfunn. Heller ikke mot kjernefamilien, eller andre etablerte familieverdier. Forskning viser at barn med foreldre av samme kjønn har det like bra som andre barn. «Det er ikke noen forskjell om barn vokser opp med foreldre av samme kjønn, eller om de vokser opp med en far og ei mor. Det er oppdragelsens kvalitet og ikke foreldrenes seksuelle orientering, som bestemmer hvordan barn utvikler seg» (Journal of Developmental & Behavioral Pediatrics).

Folk må anerkjennes for det de er.

«Slik er jeg».

Mennesker må møtes med respekt og anerkjennelse. Hvert menneske fortjener å leve et fritt liv, med utgangspunkt i den en er fra fødselen av, med de evner og krefter en har, til beste for seg selv og sin neste.

«Trygge rom» i kyrkja

OLAV MYKLEBUST medlem i Kyrkjemøtet og listekandidat for Open Folkekyrkje Møre skrev i Dagen 14. august ein fin artikkel om kva vi meine når vi sei «Trygge rom» i kyrkja. Heile artikkelen kan ein lese her. Denne artikkelen er en del av en lengre debatt om trygge rom, og som du kan finne flere steder – både i Vårt land arkivet og i Dagen.no.

Rikke Grevstad Kopperstad har i eit innlegg i Dagen teke til orde for å drøfte innhaldet i omgrepet «trygge rom». Hadde ho teke bryet med å gå tilbake til Visjonsdokumentet vi vedtok i 2018, ville ho sett at dette der er klart definert:

Kyrkja skaper trygge rom:


• Alle menneske har ukrenkjeleg verdi.


• Kyrkja deltek i arbeid mot undertrykking og alle former for vald og overgrep.


• Kyrkja fremjar språk for, og samtale om, grenser, makt og seksualitet.


• Kyrkja deltek i #meetoo-bevegelsen, #torsdagerisvart og tilsvarande.

Når Rikke (vi har vore kollegaer i bispedømerådet såpass lenge, at eg tillét meg å bruke førenamn) nok ein gong hevdar at ho blir «krenka» for å komme fram med meiningane sine – og at meiningsytringar også burde vore inkludert i «trygge rom», så er det grunn til å peike på nokre forhold.

Ingen har nekta Rikke å ha slike haldningar; Voltaire har jo sagt det ganske greitt: «Eg er usamd i meiningane dine, men vil til døden forsvare retten din til å hevde dei!» Men når meiningane bryt med det første punktet i det vi vedtok på Kyrkjemøtet i 2018, er det grunn til å påpeike dette.

Mange med lhbt-bakgrunn har slite lenge med sjølvrespekt og det å halde på barnetrua i møtet med at ein har ei anna legning eller kjønnsuttrykk enn det fleirtalet har. Når enkelte hevdar å ha monopol på «sanninga», og brukar dette som eit maktmiddel – er dette ikkje greitt!

Det å få fortalt at ein ikkje finst («da jeg [Rikke] på et annet kirkemøte sa at det bare finnes to kjønn») er ikkje greitt – og slik eg ser det er det heller ikkje bibelsk grunnlag for ein slik kategorisk påstand. Ein blir ikkje krenka fordi ein blir imøtegått på påstandane sine, men når meiningane går på menneskeverdet laust for dei det gjeld – så må dette påtalast.

Eg er ei enkel sjel, og for meg er dette enkelt: Eg trur på ein Gud som har skapt oss akkurat slik han vil vi skal vere. Han kjenner oss fullt ut, både våre sterke og svake sider, og han har gjeve oss seksualiteten som ei god Guds gåve. Eg nektar å vere med på ein argumentasjon om at han skulle ha skapt oss med «ein torn i kjødet», at han skal ha skapt oss med ei legning eller eit kjønnsuttrykk som ein prøvelse for oss – noko vi skulle fornekte og ta avstand ifrå?

Tvert imot trur eg at han ønskjer det beste for oss, og det er grunnen til at eg var med på vedtaket om likekjønna vigsel i kyrkja; slik at også kristne med lhbt-bakgrunn skulle få høve til å love evig truskap overfor Gud og den ein ønskjer å dele livet med.

Kvar av oss skal vi svare for våre haldningar og handlingar ein gong, men det å bli kritisert og stilt til ansvar for korleis ein er skapt – overfor (for så vidt) velmeinande kristne brør og søstrer – er ikkje greitt, eg stolar på at Guds nåde er større enn den nåden desse kan vise fram.

Rikke snakkar om «biologiske fakta» – og framhevar faren med å presentere «skadelege teoriar» for barn og unge. Det å drive haldningsskapande arbeid i skule og barnehage er ikkje å spreie skadelege teoriar – det handlar om folkeopplysning – og når ein tek omsyn til alder og utviklingsnivå, så trur eg at dei aller fleste greier å sjå kva dette dreier seg om – sjølv om enkelte visst meiner at seksualitet framleis er noko ein ikkje bør snakke om i skulen.

Så lenge «homo» er det mest brukte skjellsordet i norsk skule, så er det faktisk behov for å snakke ope om at ikkje alle passar inn i hetero-norma, og at enkelte også har eit kjønnsuttrykk som kan verke framandt. Det er ikkje slik at denne undervisinga strir mot «biologiske fakta», den er heller eit uttrykk for at naturen (og Skaparverket) er meir mangfaldig enn det folk trur.

«Kva er sanning?» sa Pilatus. Når enkelte hevdar å ha monopol på dette – utan å sjå at Bibelen må lesast med kjærleiken sine briller (1 Kor 13,1–3), så er dette problematisk. Ein kan lett falle for freistinga til å leite etter «flisa i auget til bror sin», utan å sjå kva dette gjer med den ein vil prøve å «rettleie».

Det er ikkje – og må heller aldri bli – ein kristen dyd; å først trykkje sine medmenneske ned i søla, for så å tilby seg å reise dei opp att!

___

Dette er artikkelen og uttalelsen fra Rikke Kopperstad og Frimodig Kirke.

Kirken oppretter LHBT-utvalg

11. mai gikk Bygdepride av stabelen i Volda

– Den norske kirke skal være en god og forutsigbar arbeidsgiver, og må arbeide videre med områder som reguleres av likestillings- og diskrimineringslovverket. Det er en selvfølge personer med LHBT-identitet deltar med sin kompetanse og livserfaring, sier leder i Kirkerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum (ÅF), til kirken.no

På Kirkerådets møte i svenske Sigtuna 12.-14. september, ble det vedtatt å følge opp bispemøtets rapport om situasjonen for ansatte og frivillige med LHBT-identitet i kirken. Resultatet er at todelt: Det nedsettes et LHBT-utvalg, samt at det skal gjennomføres en arbeidslivsundersøkelse.

Kirken.no kan du lese hele Kirkerådets vedtak.