Last ned/utskrift: Valprogram Open folkekyrkje 2023-2027
Her kan du finne andre språkutgåver: Nordsamisk utgave – Bokmålsutgave
Vil du støtte det viktige kyrkjepolitiske arbeidet med medlemskapen din?
Valprogrammet vart vedteke på Open folkekyrkje sitt landsmøte 12. mars 2023.
OPEN
Den norske kyrkja skal vidareutviklast som ei open, inkluderande og demokratisk folkekyrkje. Kyrkja skal vere open for alle, fremje menneskeverd og motarbeide diskriminering. Kyrkjedørene skal vere opne fleire dagar i året, for alle som ønskjer å bruke tid i kyrkjerommet.
FOLK
Alle menneske skal kunne kjenne seg velkomne, og bli sett og bekrefta. Kyrkja har ikkje A- og B-medlemar, dåpen er det einaste medlemskriteriet. I kyrkja skal heile livet kunne levast, og alle skal få rom og hjelp til å finne seg sjølv og vere seg sjølv. Kyrkja skal vere tydeleg og til stades i lokalmiljøet, og ein naturleg stad å kome til for alle.
I ei tid der vi opplever krig, uro, polarisering og nasjonale kriser i fleire land, må Den norske kyrkja stå opp mot urett, ta ansvar for skaparverket og fremje menneskeverdet.
KYRKJE
Den norske kyrkja er ei landsdekkande og demokratisk folkekyrkje som forkynner evangeliet og vernar om menneskjas verdi. Open folkekyrkje vil arbeide for å styrkje folk si kjensle av å høyre til i kyrkja, slik at den kristne trua er levande og gjev meining for den enkelte. Vi vil legge til rette for gode møteplassar og bidra til å styrkje religionsdialogen. Å forvalte kristendomen inn i ei ny tid, krev at vi opnar oss.
Kyrkja må inspirere til engasjement for skaparverket, mot sosial urett, og for solidaritet med fattige og forfølgde. Ho må òg bruke sin posisjon til å løfte samfunnsdebattar som inkluderer fleire og som bidreg til eit livssynsopent samfunn.
Sidan starten i 2014 har Open folkekyrkje bidrege til at Den norske kyrkja har vorte meir open for eit mangfald av menneske med ulike livserfaringar. Dette er ei utvikling som vi ønskjer skal halde fram. Vi treng stadig å tenkje nytt om korleis vi er kyrkje.
Kyrkja som folkekyrkje
Kyrkja er der gjennom heile livet – frå fødsel og dåp, til død og gravferd. Ho er der i kvardag og høgtid, i fest og glede, i krise og sorg. Dåp, konfirmasjon, vigsle og gravferd set viktige rammer om livet og er heilt sentrale i relasjonen mellom folk og kyrkje. Medlemmene si deltaking i kyrkjedemokratiet er viktig for folkekyrkja si forankring i lokalsamfunnet.
Vi arbeider for ei kyrkje som:
- gjer folk medvitne om at kyrkja er deira, og engasjerer til deltaking.
- styrkjer rammene for den folkevalde leiinga og gjev betre opplæring for folkevalde.
- har direkteval til sokneråd og bispedømeråd/Kyrkjemøtet.
- har val til bispedømeråd/Kyrkjemøte med ulike listealternativ, som synleggjer ulikskapane mellom listene for kyrkjemedlemmene.
- forankrar all leiing i demokratiske organ.[1]
- sørgjer for at avgjerdsprosessane er opne, transparente og i eit språk som er lett tilgjengeleg. Forvaltningsloven, Offentleglova og reglar om offentlege organ i Arkivlova skal gjelde for verksemda i kyrkjelege organ, slik det er nedfelt i kyrkjeordninga. Dersom dette prinsippet må vike på grunn av andre lovreguleringar, bør Kyrkjemøtet be lovgjevar om ei lovfesting også for Den norske kyrkja.
- vurderer samansettinga av Kyrkjemøtet.
- vurderer ordninga for utpeiking av biskopar, samt ser på moglegheita for å innføre åremål.
- styrkar samisk og kvensk kyrkjeliv. Det skal vere utval for samisk kyrkjeliv i alle bispedøme, og det skal utviklast ein ny strategi for samiske språk i Den norske kyrkja.
- tek eit oppgjer med diskrimineringa og forskjellsbehandlinga av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar+ (LHBT+).
- utviklar gravferdspraksisen og sikrar etterlatne og sørgjande innverknad på utforminga av den kyrkjelege gravferdsseremonien.
- sikrar at alle skal kunne delta, uavhengig av økonomi, etnisitet, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, alder og funksjonsevne.
- er open, synleg og tilgjengeleg i digitale kanalar.
- anerkjenner kor viktig det er med opne kyrkjebygg og prioriterer det over heile landet.
- tek i vare kulturhistorisk verdfulle bygg og inventar, og anerkjenner kor viktige og verdifulle desse er.
- gjer det lett å vere frivillig – på frivilligheitas eigne premiss. Frivillige og frivillig leiarskap er heilt nødvendig for Den norske kyrkja.
- utviklar teologisk og kyrkjefagleg kompetanse for folkekyrkja i ei ny tid.
- styrkar Døvekyrkja og legg til rette for teiknspråket sin plass i Den norske kyrkja.
[1] Dei ulike tenesteordningane som set rammer for tenesta til biskopar, prestar, diakonar, kateketar og kantorar er alle vedtekne av Kyrkjemøtet og slik forankra i eit demokratisk organ med avgjerdsmynde.
Kyrkja i samfunnet
Den norske kyrkja er med si historie, landsdekkande omfang og breidda i arbeidet, ein betydeleg samfunnsaktør. Evangeliet og kyrkja si formidling av den kristne bodskapen bidreg til å påverke og forme det norske samfunnet sine verdiar, haldningar og menneskesyn. Kyrkja skal vere til stades der folk lever, og saman med det offentlege, næringslivet og resten av sivilsamfunnet motarbeide utanforskap og bygge gode fellesskap.
Internasjonalt skal Den norske kyrkja bidra til fred og nedrusting, forsoning, rettferd og berekraftig utvikling. Kyrkja må utfordre og la seg utfordre av det internasjonale kyrkjefellesskapet til å stå opp for menneskeverdet og ta avstand frå diskriminering og rasisme.
Vi arbeider for ei kyrkje som:
Lokalt
- satsar på diakoni og utvidar samarbeidet med det offentlege og frivillige for å forebygge utanforskap og skape større fellesskap.
- gjennom samskaping med kommune, frivillige organisasjonar og private aktørar utviklar gode og inkluderande lokalsamfunn over heile landet.
- styrkjer kyrkjelydane sitt arbeid med å inkludere flyktningar og etniske minoritetar i lokalsamfunnet.
- opnar kyrkjerommet slik at fleire kan ta det i bruk.
- skapar rause, opne kristne fellesskap som inviterer til tru og engasjement.
Nasjonalt
- går i front og kjempar for menneskerettar, miljø og rettferd.
- tek sin del av ansvaret for klimaendringane. Kyrkja skal erkjenne klimakrisa og naturtapskrisa som ein eksistensiell trussel mot livet på jorda, og arbeide for at fleire forpliktar seg til å la investeringar og drift vere i samsvar med FNs berekraftsmål.
- fører eigen klimarekneskap og fremjar eit grønt arbeidsliv.
- Etablerer eit klimafond og kompetansesenter for effektiv energibruk i kyrkjelydane. Det må leggast til rette slik at flest mogleg av kyrkjene og andre hus i kyrkjeleg eige vert plusshus.
- motarbeider alle former for hatprat, vald og ekstremisme og er ei tydeleg stemme mot diskriminering og rasisme.
- er ei høyrbar stemme i samfunnsdebatten.
- anerkjenner mangfaldet og held fram med å vie likekjønna par.
- tilbyr trygge rom, der menneske som har opplevd trakassering og overgrep kan få styrke og nytt livsmot.
- tek ei tydeleg rolle i det pågåande forsoningsarbeidet mellom samane, kvenene, norskfinnane og Den norske staten.
- sørgjer for at samiskspråkleg prest/diakon er tilgjengeleg i fleire bispedøme.
Internasjonalt
- brukar eigne erfaringar i møte med søsterkyrkjene over heile verda for å stoppe diskriminering av LHBT+-personar i kyrkjene i alle land.
- tydeleggjer kva satsingar og saker Den norske kyrkja skal prioritere i Kyrkjenes verdsråd og andre økumeniske samanhengar.
- vedtek ein instruks som skal vere styrande for Den norske kyrkja si deltaking og representasjon i internasjonale organisasjonar.
- formidlar at misjon handlar om å opne evangeliet for menneske som vert haldne utanfor.
Kyrkja og kunsten
Kyrkja er ein viktig kulturberar – mellom anna i salmar, kyrkjemusikk, arkitektur og kyrkjekunst, lokal historie og kultur. Også i vår samtid skaper kyrkja sitt kulturliv og kunstuttrykk engasjement og gjev tilhøyrsle til kyrkja.
Vi arbeider for ei kyrkje som:
- skapar kunst som gjev rom for livstolking og utfalding for alle aldersgrupper.
- samarbeider med kunstnarar i og utanfor kyrkja for å skape kunst som rører og er relevant for vår tid.
- gjev plass til ulike stemmer i kyrkja sitt kulturliv og er arena for eit vidt spekter av kulturuttrykk.
- ser kyrkjemusikken og korarbeidet for både barn og vaksne som eit berande element i kyrkja sitt liv.
- tek ansvar for at kyrkja si rike kulturhistorie skal vere levande og tilgjengeleg i heile landet.
- sørgjer for at kulturen og kunstuttrykka si betydning for kyrkja sitt arbeid vert spegla i dei kyrkjelege budsjetta.
- verdset og etterspør lokale tradisjonar.
- støttar skeiv kunst.
- etablerer ein nasjonal kyrkjeleg kulturpris.
Kyrkja, barn og unge
Barn og ungdom skal bli høyrde, sett og tekne på alvor. Kyrkja skal opplevast som ein samlingsstad som bygger gode fellesskap for barn og unge – der alle kan vere seg sjølv. Kyrkjerommet skal vere ein stad for ro, trøyst, bøn og glede.
Vi arbeider for ei kyrkje som:
- kjempar mot og motverkar utanforskap, einsemd og psykisk uhelse – særskilt mellom ungdom, unge vaksne og studentar – ved å skape lavterskeltilbod og trygge rom i samarbeid med dei kristne barne- og ungdomsorganisasjonane.
- går i front og kjempar for menneskerettar, klima og rettferd, saman med dei unge.
- spør unge menneske kva dei treng og bidreg til fleire aktivitetar styrte av dei unge sjølv.
- skapar trygge, opne møteplassar for barn, ungdom, unge vaksne og studentar.
- finn nye vegar og nytt språk for å snakke om liv, tru og tvil i konfirmasjonstida.
- gjer bibelforteljingane og kristen tru aktuell og tilgjengeleg for unge i ei ny tid.
- brukar kunst og kreativitet i arbeidet med barn og unge.
- har eit kyrkjedemokrati der det er lett å delta og der unge vert motiverte og får reell påverknad – heilt frå lokalkyrkjelyden til nasjonalt nivå.
- bidreg til at samarbeidet med dei kristne barne- og ungdomsorganisasjonane vert enda tettare og meir forpliktande.
Kyrkja som arbeidsgjevar og arbeidsplass
Den norske kyrkja er ein stor arbeidsplass med arbeidsgjevaransvar nasjonalt og lokalt. Kyrkja skal vere ein profesjonell arbeidsgjevar som ikkje diskriminerer og som har rom for mangfald uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne og legning.
Vi arbeider for ei kyrkje som:
- har god og kompetent leiing på alle nivå. Det skal utviklast ei plattform for leiing som tydeleggjer forventningane til leiarskapen i kyrkja.
- utviklar ein god, effektiv og samanhengande organisasjon, med samordna leiarskap lokalt.
- lyser ut alle stillingar med ei mangfaldserklæring som oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
- har eit aktivt likestillings-, inkluderings- og mangfaldsarbeid som også gjeld frivillige og folkevalde.
- sluttar å bruke unntaket i Likestillings- og diskrimineringsloven for å utestengje kvalifiserte søkjarar med LHBT+-identitet.
- har eit godt arbeidsmiljø og gjev dei tilsette høve til profesjonell vekst og fagleg utvikling gjennom etterutdanning. Så langt det er råd skal ein tilby heiltids-stillingar.
- ikkje let tilsette reservere seg mot å samarbeide med andre tilsette, folkevalde eller frivillige.
- Har ein effektiv ressursbruk som støttar og styrkjer arbeidet lokalt – der livet vert levd.
- er god på å dele erfaringar på tvers av kyrkjelydar, prosti og bispedømme.
- etablerer nye møteplassar mellom lokale og regionale nivå.
Last ned/utskrift: Valprogram Open folkekyrkje 2023-2027
(Foto: John Erlandsen. Lisens: CC BY SA 3.0)